Moods of Norway har hatt den rosa gråtass-traktoren som eit varemerke ved butikkane sine rundt om i landet.

Men ved kjøpesenteret City Nord i Bodø er det ikkje lenger plass til traktoren inne i senteret. Laurdag vert traktoren gjeven vekk til ein barnehage i distriktet, skriv Avisa Nordland.

Førebels er det i følgje avisa fem barnehagar som har meldt seg på konkurransen om å få traktoren.