Oktoberfesten i Stryn når nye høgder - bokstaveleg tala.

Dei siste dagane før Oktoberfesten byrja det brått å dukke opp spektakulære naturbilde på sosiale media: Damer i dirndl, bondepikedrakt, poserande på diverse fjell og nutar.

Eva Guddal har sjølv blitt avbilda på to fjelltoppar i full mundur. Ho fekk ideen frå TV2 sitt program Fly med oss.

- Eg kom på det då eg såg dei fine bilda av folk i bunad oppe i fjellet i Fly med oss med Arne Hjeltnes, seier Eva Guddal.

- Då tenkte at det hadde vært morosamt å gjere dette før Oktoberfesten med dirndl, bondepikedrakt, i og med at desse stammar frå fjellserveringar høgt oppe i fjella i Austerrike.

Kjerstine Aasterud tok bilde i bondepikedrakt på Hornindalsrokken, 1529 m.o.h., dagen før Oktoberfesten starta.

- Eg tok det igrunn berre på sparket, fortel ho til Fjordingen.

-  I det eg pakka sekken, såg egkjolen min hengande på knaggen, klar for morgondagen. Eg stappa denned i sekken og tenkte at det her ville kanskje bli eit moro biletedå vi nådde toppen. Eg hadde med meg ein gamal kjenning, men hostoppa eit par hundre meter rett før toppen grunna høgdeskrekk, fortel Kjerstine.

Dermed såg det dårleg ut med toppbildet.

- Men eg var så heldig at det var fleire som gjekk Rokkjen den dagen, så eg måtte berre trø til og spørje ukjente folk om dei ville knipse etbilete av meg på toppen av fjellet, med Oktoberfestkostyme på. Littkleint, men aller mest moro med mykje latter! ler Kjerstine, som fekk eit minne for livet:

-Heilt klart. Det er ikkje kvar dag ein poserer i eit slikt antrekk 1529 moh!

Oktoberfest i Stryn går over to dagar og samlar folk frå store deler av landet til bartekonkurranse, ompamusikk, pølser og ølkåring.

Sjå oktoberefestparaden her.

Har du vore til fjells i oktobefestutstyr? Send oss gjerne bildet ditt på redaksjon@fjordingen.no eller 40402140!