Politiet ber om tips frå publikum etter at det i løpet av natt til laurdag har vore eit grovt tjuveri frå eit bustadhus i Stryn.

Gjerningsmannen har brote seg inn i huset og stole smykke, opplyser politiet. Det var ikkje folk i huset då innbrotet skjedde.

Politiet har vore på staden og føreteke åstadsundersøking, og ber no om at dei som eventuelt måtte ha opplysningar eller observasjonar i saka ringjer 02800.