NM for narkotikahundar er ikkje staden å oppsøkje om du går med narkotika i lomma, fortel Tor Egedahl frå Stryn.

Han og engelsk springer spanielen Mira er einaste narkohund-ekvipasje mellom Ålesund og Bergen, og dei tok sist veke ein glimrande 10. plass i NM for narkotikahundar i Sandvika.

Under tevlinga kom det tydeleg fram at ein narkotikahund absolutt ikkje ser nokon grunn til å skilje mellom konkurranse og verkelegheit.

Dette fekk ein tilfeldig forbipasserande smerteleg erfare.

– Det var under forflytting frå ei øving til ei annan i NM-området i Sandvika at ein hund drog rett ut og markerte på ein tilfeldig person, fortel Tor Egedahl, som sjølv tok ein deltok på NM for narkohundar med Mira.

Det viste seg at mannen hadde narko i lomma.

– Mannen vart pågripen på staden. Så det var vel definitift å vere på feil stad til feil tid. Å rote seg inn i NM for narkohundar er lite lurt om du går med stoff i lomma! seier Egedahl.