På haustfesten til Varden 4H, som er ein 4H-klubb for born og unge frå Fjelli og Blakset,  vart klubbrådgjevar Heidi Fjellvang tildelt 4H Norge sitt Æresdiplom. Utmerkinga, som kom heilt overraskande på klubbrådgjevaren, vert utdelt til personar som har gjort ein ekstra innsats fororganisasjonen og har påskrifta "med takk for stor innsats og dyktig arbeid".

- Heidi har vore vaksenleiar i Varden 4H i 19 år og klubben er viktigi lokalmiljøet som ein samlingstad for barn og ungdom. Varden 4H erein av dei eldste 4H-klubbane i fylket og har god klubbaktiviet.Heidi mottok Æresdiplomet på haustfesten og både medlemmane iVarden 4H og folk elles i bygda tykte det var stor stas og eifortent utmerking, fortel Hilde Sværen, organisasjonsrådgjevar i 4H Sogn og Fjordane.