I fjor kunne Den Norske Turistforening (DNT) melde om rekordbesøk i fjellheimen. No viser ferske tal at endå fleire har overnatta på DNT-hytter i 2014, skriv Sunnmørsposten.

Årets tal er er basert på besøket i dei 43 betjente hyttene, som stengde for hausten førre helg (bortsett frå Preikestolen og Haukeliseter). Dei betjente hyttene har hatt 140.760 overnattingar, og det er godt over 7.000 fleire gjestedøgn enn på same tid i fjor.

Årets soleklare vinner er Skålatårnet. Den ubetjente hytta (Kloumannstårnet), har hatt 130 prosent auke fra året før. Så langt i år har 2.600 personer overnatta i tårnet, mot 1.266 i heile fjor, skriv avisa.

- Kloumannstårnet har medvind på alle kantar. Den har blitt kåra til den mest originale hytta vi har. Den har ei spektakulær utsikt, samtidig som det skjer veldig mykje i området den ligg i. No har den blitt like mye en turistattraksjon som en DNT-hytte, sier Øveraas i DNT.

Skålatårnet har også hatt 12 000 visningar på UT.no etter 1. juni  i år. Ingen andre hytter har blitt klikka så mykje inn på som denne.

– Det er ei så unik hytte i framtoning og historie at det er eit turmål i seg sjølv, seier dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven til Sunnmørsposten.