Vi er inne i tida då det skjer flest viltkollisjonar. Spring ein hjort eller eit anna vilt ut i vegen 20 meter framfor deg i 80-sona, har du berre eitt sekund på deg på å stoppe, opplyser forsikringsselskapet If.

Statistikk viser at over 5.000 hjortevilt bilr påkøyrt årleg.

– Dei alvorlege skadane oppstår særleg der dyret kjem brått på sliik at sjåføren ikkje har særleg mjulegheit til å bremse opp. Det er stor skade for at sjåfør og passasjer blir invalisidert for livet, seier informasjonsdirektør Jon Berge i selskapet.

Tal frå Transportøkonomisk institutt viser at det å seinke hastigheita med 10 km/t gjer mykje for reaksjonsmulegheitene. Køyrer du i 70 km/t i staden fo i 80, minskar risikoen for ulukker med 50 prosent, opplyser selskapet. Betre sikt langs vegen minskar også risikoen.

I jaktåret 2013/2014, som går frå 1. april til 31. mars året etter, vart over 5.200 hjortedyr påkøydre av bil viser tall fra Statistisk sentralbyrå. 934 av desse var elg, 3618 rådyr, 689 hjort og fire villrein.

Ved påøyrsle av dyr er det viktig å varsle lokalt politi/viltnemnd.

Ville du klart å stoppe i tide, spør If skadeforsikring, som har laga link til ein video som viser ei viltpåkøyrsle sett inne frå bilen. (Selskapet åtvarar mot sterke bilde.)