Medan andre har prydplantar i vindaugskarmen, kan Eli Bøe Gausemel i Hornindal også gle seg over eiga paprikaavling. Den flotte paprikaavlinga står og tronar i vindauga på Gausemel, men har også hatt sine veker i drivhus.– Først var dei planta inn og stod i glaskarmen i stova. Då det vart varmt nok ute, sette vi dei ut i eit sjølvlaga drivhus på verandaen. No, etter at det vart haust, har dei flytta inn att til glaskarmen, fortel Eli Bøe Gausemel. Den varme sommaren kravde ekstra tilsyn og stell.– Det var så varmt at dei måtte vatnast kvar dag. Den yngre garde her i huset ville forresten at vi skulle prøve å dyrke både paprika, agurk og tomat. Men agurken berre visna bort, så det vart tomat og paprika det vart avling på i minidrivhuset på verandaen, seier Eli Bøe Gausemel.

Eli Bøe Gausemel. Foto: Privat