Eid blir ein av 20kommunar i landet som får prøve ut stemmererett for 16- og 17-åringar vedkommunevalet i 2015.

Opprinneleg fekk nordfjordkommunen nei på sin søknad om å vere ein av forsøkskommunane for denne ordninga.

- Eg hadde eigentleg gitt opp vona om då Eid ikkje vartplukka ut blant dei 20 forsøkskommunene i august. Så fekk vi heiltut av det blå likevel tilbod om å delta langt på overtid, og då kastavi oss sjølvsagt rundt og svarte ja, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Eid får overta den ledigeplassen blant dei 20 forsøkskommunane etter at Gol har trekt sin søknad, opplyser Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

- Ungdomfortener å sleppe til i lokaldemokratiet langt meir enn i dag. Deter bra for ungdom, og det er bra for lokalsamfunnet. Vi har fåtteit klart råd frå Ungdomsrådet i Eid om at røysterett for 16- og17-åringar er viktig for å auke det politiske engasjementet blantungdom, seier ordførar Alfred Bjørlo.