Neste år kan Reisemål Stryn & Nordfjord vere ein saga blott.

- Styringsgruppa for Samordningsprosjektet for Destinasjon Ålesund& Sunnmøre, Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen og ReisemålStryn & Nordfjord anbefaler åfusjonere dei tre eksisterande destinasjonsselskapa, seier leiar istyringsgruppa Arne Aambakk i ei pressemelding.

Forslaget går ut på ein einfusjon mellom Reisemål Stryn & Nordfjord og Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen som er AS i dag, og at Destinasjon Ålesund & Sunnmøre skal skyte inn sine netto eigedelar i det nye selskapet.

Eigardelene i det nye selskapet vil fordele seg etter bokførteigenkapital i dei tre selskapa.

Styringsgruppa forsamordningsprosjektet foreslår at ny dagleg leiar for det nyefusjonerte selskapet blir Geir Steinar Vik, som er dagleg leiar idet største selskapet i dag, Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.Vidare vil styringsgruppa anbefale at ein ved val av det førstestyret i det nye selskapet vel styreleiar frå Reisemål Stryn &Nordfjord, det nest største selskapet i fusjonen, og atstyrerepresentasjon elles vert fordelt likt mellom dei tredestinasjonane.