Ålesund vert vertskommune for det nye, fusjonertedestinasjonsselskapet for Nordfjord og Sunnmøre. Det skal vidare vere satelittkontor både i regionane til Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen og Reisemål Stryn & Nordfjord.  Namnet på selskapet er enno ikkje klart, men det skal setjast ned ei gruppe med representantar frå dei tre destinasjonsselskapasom snarast skal kome fram med forslag til namn på det nyeselskapet.

- Vi er opptekneav å skape eit godt samarbeidsklima og vise kontinuitet med åoppretthalde viktige satelittar i eit geografisk stort område. Detnye selskapet blir blant dei største på Vestlandet, og vi ønskjer åmarkere oss som ein reiselivsmotor i Fjord Norge-familien, seier leiar for styringsgruppa for Samordningsprosjektet for Destinasjon Ålesund& Sunnmøre, Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen og ReisemålStryn & Nordfjord, Arne Aambakk, i pressemeldinga om den tilrådde fusjonen.

Styringsgruppa seier dei har har valt ein modell som skal styrkjemarknadsføring- og sal av destinasjonen, og ein skal utviklekonsept som også skal få fram produktvariasjonane i destinasjonen: Produkt basert på kyst og kystlandskap, fjord, fjell og bre ogbykonsept. Dette vil få fram det unike i kvar kommune, og gje betresynlegheit for bedrifter i ulike deler av regionen.

- Innstillinga frå styringsgruppa går no til handsaming istyra for dei enkelte destinasjonane, som så vil kalle inn tilekstraordinær generalforsamling for endelig handsaming. Vårt mål erat eit nytt fusjonert selskap er i drift frå 1.3.2015, seier Aambakk.