Første søndagen i november inviterer fjordhestfolket til eit annleis fjordhestskue: Eid Fjordhestlag har inngått samarbeid med Brystkreftforeningen og Rosa Sløyfe-aksjonen. Under landets, og kanskje verdas, største samling av fjordhestføl vil føla bli bedømt og kvalitetsrangert, med rosa sløyfe til hoppeføla og blå sløyfe, med rosa sløyfe-pin, til hingsteføla.

For kvar sløyfe som blir delt ut vil Eid Fjordhestlag gje ein sum til brystkreftforskinga. Brystkreftforeningen stiller med premiar og informasjonsstand.

- Fjordhesten,nasjonalhesten, er truga på fleire vis. Siste åra har talet påfødde føl gått dramatisk ned, og dermed har innavlsfaren auka, fortel styret i Eid Fjordhestlag i ei pressemelding, der dei opplyser at ein no er så langt nede i at ein truleg vil få under 100 fødde føl i 2015.

Til samanlikning opplyser laget at forskarane meiner minimumstal for eit berekraftig avlsarbeid bør vere 200.

Med tippekonkurransar, servering og god hesteunderhaldning håpar arrangørane at publikum møter opp og støttar to viktige saker på ein gong i arrangementet Fjordhestkraft i kamp mot kreft.