Hausten byr på mykje frukt og grønt, og tradisjonen tru dukkar det også opp spesielle eksemplar av diverse vekster. Som dette kjempeeplet som ein av dei tilsette ved Statoil Stryn hadde med seg på jobb.

Eplet vart lagt ut i butikken for tippekonkurranse, og mange prøvde å finne ut kor tungt eplet var. - Men ingen kom så nær som Martin K. Nesje, fortel Oddbjørg Tunold Kroken ved Statoil Stryn.

Han tippa 402 gram, medan den korrekte vekta var 404 g, berre to gram meir.