Nordfjord Kjøtt kjem ut som testvinnar i ein stor smakstest på bacon, skriv ABC-nyheter.

Nordfjord bacon kjem ut med terningkast 6 i testen, det same gjer X-tra bacon i skiver.

Smakstesten av bacon i skiver er utført av Tore Teigen og Frank Johansen. Begge er pølsemakarmeistrar og har vore fagdommarar i NM i kjøtt fleire gongar.

I følgje nettstaden seier dei at det er høg kvalitet på bacon i Norge, noko som også viser igjen i at svært mange av produkta kjem ut med terningkast 5.