Dei fem finalistane til Årets Gründer 2014 er klare, og mellom dei fem kandidatane er det to stryneverksemder.

No kan publikum stemme fram sin favoritt, og prisen skal delast ut fredag 31. oktober. Avstemninga er allereie godt i gong på framtidsfylket.no.

Dei to stryneverksemdene er Vendanor og Back 2 Start.

Vendanor er ei dotterbedrift av Nomek A/S, og dagleg leiar er Harold Wieldraaijer. Dei har uitvikla ein sjølvbetjent døgnopen automat for bytte og kjøp av gassflasker.

Back 2 Start med Siri Linn Haugen og Silje Blindheim har utvikla treningskonseptet BasisBall. Konseptet er bygt opp av eit grunnleggande treningsprinsipp der ein fokuserer på effektiv trening som krev lite tid, lite utstyr og som kan utførast kvar som helst.

Silje Blindheim, til venstre og Siri Linn Haugen i Back 2 Start. (Foto: Kristine Folland, Framtidsfylket)