Vikane Blandakor har hatt 100-årsjubileet for Alf Prøysen i fokus denne hausten.  Koret har lagt ned eit stort arbeid med Prøysen-stoff, og inviterer i morgon til ein kveld med både song, dans og tekstlesing. Elevar frå Vikane skule vil også  delta. Dei har arbeidd med Prøysen-stoff på skulen i haust.

Inger Hoff deltek også på Prøsyen-kvelden. Ho vil fortelje om Prøysen som person og diktar, og vil også lese utdrag av den store samlinga av tekstar som finst etter ringsakerpoeten.