Ikkje før har bølgjene lagt seg etter Vikane sin Prøysenkveld i Innvik, så slår Stryn Blandakor til med Prøysenarrangement i Rand grendahus i morgon. Koret fortel at dei har øvd på Prøysen-songar sidan oppstarten haust. No er dei klare med ein heil konsert.

Dei har også henta med seg dyktige støttespelarar. Songaren Anne Marta Vinsrygg Vadstein vert hugsa av mange for sin dykrige innsats under «Årringar» i august. Ho kjem for å dele noko av sitt Prøysenrepertoar med oss og publikum. Jan Nygård og Ketil Rasmussen er begge kjende som solide musikarar og komponistar. Dei vert også med og set sitt preg på konserten.

Inger Hoff blir med for å lese nokre av Prøysen sin underfundige og tankevekkande tekstar. Om ho ikkje akkurat kjem frå «Prøysen-land», så er dialekten temmeleg nær! fastslær arrangørane i ei pressemelding.