En ny festival ser i helga dagens lys på Fjelli i Stryn: Fjelljomfestivalen, ei frisk nysatsing frå Spelemannslaget Fjelljom.

Kombinasjonen av natur, musikk og dans ligg som ide bakprogramoppsettet, fortel arrangørane, som understrekar at haustskodde og lange kveldar er inga hindring,men tvert imot gode grunnar for å lage ein triveleg festival utanomden hektiske sommarsesongen.

Opningskonserten i og ved gapahuken ivillmarksleiren på Nordfjord fritidssenter er nok den mest nyskapande, og dristigaste, av ideane. Der vil publikum få servert musikk og song fråulike retningar ute i mørke skogen, før artistane kjem til syne.

Folkemusikarane Elin Grytting, Oddbjørn Ramstad og Vidar Underset vil delta, og det same vil Einar Eimhjellen, fylkets fremste utøvar på munnspel, Arne M. Sølvberg og dei unge dansarane Stine Fjellkårstad og Matias Hagen.

Det vert også høve til å kombinere mosjon og frisk historieforteljing når Leiv Sølvberg er turleiar ned Berget til Sølvbergsnausta og Bergsetnausta,før det vert konsert i lokala til Galleri ad Fontes i Coop-bygningen på Fjelli og diverse kortkurs. Kurs for unge felespelarar med Jorun Marie Kvernberg og Vidar Underset vert det også. Desse startar alt fredagen, og her er det påmeldt deltakarar frå både Nordfjord og Sunnmøre.

Festivalen vert avslutta med konsert og dans i ungdomshusetFjellvarden, der hovudaktørane vert kurslærarane med tillegg av spelemannslaget Fjelljom, Nordbygda spel- og dansarlag ogRandis gammaldansorkester.