Tysdag møtte fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, 32 ungdommarsom driv eiga ungdomsbedrift på Skei Hotel.

Heggheim kunne rapportereom ein lærerik dag med engasjert ungdom, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

– Mi oppgåve var å snakkeom «Mitt liv som toppleiar», men sjølv om det var eg som stod påscena må eg må seie at eg vart veldig imponert over deltakarane.Dei lærte meg mykje, seier fylkesdirektøren. Heggheim fortel at hanlærte mykje om korleis dagens ungdom tenkjer.

– Eg lærte at det erstort sprik mellom det ein ungdom tenkjer og er oppteken av, og detvi i 50 pluss-alderen tenkjer og lever etter, seier han. Fylkesdirektøren seier ungdomsbedriftene er viktige for veksten i fylket.

–Ungdomsbedrifter er «grunntrening» i bedriftsetablering. Vi har forfå etableringar i fylket. Difor er ungdomsbedriftene viktige foross, seier Heggheim, som håpar mange av ungdommanefortset å etablere bedrifter eller vidareutvikle si eksisterandebedrift i vaksen alder.