Mona Jill Band frå Olden er peika ut til å vere vekas nordiske utfordrar på Danslistan, skriv Svenska YLE, den svenskspråklege delen av det statlege finske radio- og TV-selskapet, på si nettside.

Danslistan sender dansemusikk frå dei nordiske landa på nordiske språk i kanalen Radio Vega søndagar og tysdagar, og publikum kan stemme på Danslistan på nettisda.

Vekas nordiske kandidat er det norsk-svenske bandet  Mona Jill band, somer eit nytt, countryinspirert danseband. Mona Jill Band har alt rekt å få låtar inn på norsk radio. Dette er bandmedlemmer av beste slag, skriv Svenska YLE, og held fram:

-  Jakup Zachariassen kjem frå Færøyane og har spelt med internasjonale stjerner som BellamyBrothers og Vince Gill. David Harley kjem frå England og er ein avdei store steelgitaristane. Bandets grunnleggjarar er musikarane BjarteHaugen og Maron Sandvik, begge med bakgrunn i Steinar EngelbrektsonBand. Songaren Mona Jill Knapp Forssen er eit ubeskrive blad.Ho kjem  Lycksele i Nord-Sverige, og karane ønskte å ha henne som frontfigur og gje bandet namn etter henne.

Det er låten Jag tar livet som det är som er utfordrar på Danslistan.