Den kommunale kriseleiinga i Stryn har sett seg i beredskap i samband med dei stengde vegane og den store nedbøren.

- Det ser ut som det er god kontroll på situasjonen, men det handlar om at born og vaksne skal kome trygt heim frå skulen og andre forhold. Oldedalsvegen vert nok neppe opna i dag, og born blir innkvarterte hos slektningar og andre kjende i Olden.

- Det er også stengt mellom Innvik og Utvik. Her let det seg gjere å bruke ein omkøyringsveg frå skule og barnehage, seier Storevik.