Kriseleiinga i Stryn kommune vilframleis vere i beredskap ut over kvelden og natta. Framleis er det stengt på fylkesveg 723 Lodalen v/Raudibrua, fylkesveg 724 Oldedalen, fylkesveg 60mellom Innvik og Utvik og fylkesveg 720 Hjellestranda.

Vegane vil høgst truleg ikkje bli opna før tidlegast i morgon. Dette med unnatak av fylkesveg 60mellom Innvik og Utvik som skal vurderast på nytt klokka 22:00 ikveld.

Frå Stryn kommune ved ordføraren får vi opplyst at  det er etablert båtberedskap i kommunen som kan bli nyttaved akutte behov. Kriseleiinga vil rekvirere etter behov.

Vidare er Innvikvassverk ute av drift på grunn av skader, og det blir etablertei ordning for henting av vatn ved Vikane omsorgssenter forabonnentar til vassverket i Innvik i løpet av kvelden. Drikkevatnet her må kokast. På grunn av usikker vassforsyning blir det etablertekstra brannberedskap i Innvik knytta til omsorgssenteret i kveldog i natt, opplyser ordførar Sven Flo.