Kristesestaben i Stryn med ordførar og rådmann i spissen har hatt ein stri tørn etter at dei sette krisestaben klokka 14 tysdag.

- Deler av kriseleiinga var i sving til kokka 01 natt til onsdag. Mellom klokka 01 og 04 heldt dei telefonberedskap, og frå klokka 04 var deler av kriseteamet igjen i sving, seier Sven Flo som har ansvar for presse og koordinering av innsatsen. Rådmannen er administrativ leiar av kriseleiinga.

- Korleis er situasjonen i kommunen no?

- Vi gjorde opp status klokka 8.30 i dag. Vi er innstilt på å at vsassverket i Innvik er nede i fleire dagar og vil levere vatn så lenge som det er nødvendig. Dette omfattar mellom anna Vikane omsorgsenter og Innvik skule. Når det gjeld Innvik barnehage, får borna tilbod i Utvik. Dette på grunn av hygieniske årsaker, seier Flo.

- Vidare er det uavklart om Oldedalsvegen opnar før skuleborna i Olden skal heim i dag. I den situasjonen jobbar vi mot fylkeskommunen for å kunne tilby elevar som i natt har måtte overnatte i Olden, båtskyss frå Sunde. Når det gjeld vegen i Lodalen, blir den opna klokka 13 i dag, seier Flo.

- Kva gjer krisestaben no?

- Vi er fysisk på jobb, og i ettermiddag skal vi ha ny vurdering kva beredskap vi skal ha, fysisk eller telefonberedskap. Vi har også info på våre nettsider, og vi har hatt SMS-varsling til bygdelaga som har fungert godt.

- Er det registrert større skader på infrastrukturen?

- Eg veit politiet har fått meldingar, men har forstått det slik at det dreier seg mest om skade på vegar/landbruksareal. Eg er usikker på statusen for bygningar, seier Flo.