Trompetisten Arve Henriksen frå Stryn og perkusjonisten Terje Isungset frå Hol går nye vegar på sin CD World of Glass. Her byr dei på musikk skapt ved hjelp av glaskunst, ei tonereise gjennom ei musikalsk fantasiverd.

Innspelinga er gjort under utselde konsertar i Von Krahl Theatre i Tallinn, der over 30 glasgjenstandar i form av spektakulære instrument vart nytta. Prosjektet var ein del av Tallinn 2011, det europeiske kulturhovudstadsprogrammet i den estiske hovudstaden. Glasinstrumenta er laga til prosjektet av studentar Estonian Academy of Arts og kjende estiske glaskunstnarar, leia av Eeva Kasper og Mare Saare.

CD-en vart lansert under Umeå Jazz Festival i Sverige nyleg, der Henriksen og Isungset også heldt konsert.

- Terje Isunget og trompetisten Arve Henriksen tek forsiktig hand om glasskulpturane for å skape musikk av dei. Dei nyttar funksjonaliteten i dei ulike glasskulpturane i kjenslevàr interaksjon og skaper nesten hypnotisk musikk, skreiv Umeå Jazz Festival på sine nettsider då duoen gjesta festivalen.