Malakoff Rock Festival på Eid har hatt første artistslepp for festivalen i 2015.

- Internasjonale danske yndlingar i Mew, hitmakarane i Team Me oglivefavorittane i majestetiske Seigmen er fyrste artistpakke fråMalakoff 2015, seier festivalsjef Arnt Ivar Naustdal.

Malakoff 2014 var den beste så langt i festivalen si historie, går det fram av ei pressemelding frå festivalen, der det blir trekt fram punkt som utseld festival for andre åretpå rad, sydenstemning i bygda, 22.000publikummarar og 5.000 camparar på festivalcampen.

Men arrangørane har også store forventningar til festivalen i 2015, og festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal er særs nøgd medfyrste artistslepp.

- Alle dei tre artistane i det fyrste sleppet vilprodusere strålande festivalopplevingar. Å få oppleve Seigmenavslutte på amfiscena ein av dagane vert rått, seier Naustdal.

Malakoff Rockfestival 2015 vert arrangert 16.-18. juli.