Kjenner du rettane dine når du skal ut og reise med fly?

Ei undersøking fråForbrukarrådet viser at berre 14 prosent veit når dei har krav påmat og drikke dersom flyet ikkje går i tide.

Regiondirektør Pia Kleppe Marken i Forbrukarrådet iHordaland og Sogn og Fjordane tilrår deg derfor å setje deg inn irettane dine.

- Flyselskapa skal jo sørgjefor at du får mat og drikke, men vi synest dei er altforløyndomsfulle om rettane, seier ho.

- Slik unngår ogsåflyselskapa klagar i ettertid. Folk veit jo ikkje kva dei ikkje harfått.

Rettane dine avheng av kor langt du skal, ogkor lenge du har venta. Det er relativt komplisert, og difor harForbrukarrådet utvikla ein kalkulator som reknar det ut for deg.Spør kalkulatoren kva du har kravpå.

Nokre selskap sender ut SMS når flyavgangar er forseinka, menForbrukarrådet er ikkje fornøgd med informasjonen.

- Dei bør sendeei lekkje til alle relevante moglegheiter, og dei kan gjerne brukekalkulatoren vår. Vi vil ha full openheit og alle rettar. Nårundersøkinga vår viser at berre 14 prosent veit kva dei har kravpå, fortel likevel det at forbrukarane sjølv må slå i bordet for åfå mat og drikke når flya står, understrekar Pia Kleppe Marken iForbrukarrådet.

Forbrukarrådet sin kalkulator forflyrettar reknar ut kva du har krav på når du tastar inn kvar duskal, og kor lenge du har venta. Han reknar også ut rettanedine ved innstillingar, mista bagasje og overbookingar.

- Legg kalkulatoren inn på mobilen din, så har du han når du skal ut og reise, seier regiondirektøren.

Regiondirektør Pia Kleppe Marken i Forbrukarrådet. Foto: Forbrukarrådet H/SFJ