I statsbudsjettet for 2015 vert grensa for registrering i merverdiavgiftsregisteret halden på 50 000 kroner i årleg omsetnad, ikkje heva til 150.000 som først føreslege.

- Det er gledelleg at Venstre og Krf har fått gjennomslag for at denne grensa ikkje vert auka. Bondelaget har saman med andre organisasjonar peika på kva negative konsekvensar regjeringa sitt forslag ville fått, seier Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag.

Å stoppe forslaget om auke av mva-grensa har hatt høgste prioritet i Bondelaget sitt arbeid med statsbudsjettet.

- Dette er viktig for mange småbedrifter langs heile breidda av norsk næringsliv. Det er likevel ei kjernsgjerning at ein auke av momsgrensa ville lamma landbruket særleg hardt, seier Bartnes. - At forslaget no er trekt, gjer at 50.000 små føretak ikkje får auka utgifter likevel. Dette er gode nyheiter for småbedrifter, og for norsk matproduksjon, seier Bartnes og legg til at det er viktig at det er låg terskel for å etablere verksemder i Norge.

Fylkesbondelagsleiar Per Hilleren forklarte tidlegare i haust at den føreslegne auken ville medføre at allereie frå nyttår ville alle som ikkje hadde hatt over 150.000 i omsetnad siste tre åra bli kasta ut av momsregisteret, og få utgiftene auka med 25 prosent "over natta.

Bondelaget har også i prosessen peika på kor vanskeleg det ville bli for unge bønder å overta gardar, dersom dei ikkje kunne få tilbake momsen på store, tunge investeringar som til dømes traktor.