I dag er det politikardag for fylkespolitikarane, der ulike aktørar kan få kome til orde og presentere sine innspel.

Ordførar Sven Flo frå Stryn skal denne gongen vere til stades på politikardagen. Han skal presentere mulegheitene for eit spleiselag for å få gang- og sykkelveg på strekninga Rake-Loen.

-  Denne gongen har vi fokus på den næringsmessige sida av gang- og sykkelvegen som nærare bestemt er knytta til prosjektet SleipnerHoven Loen og dei synergiane dette prosjektet utløyser, seier Flo.