No kan også folk på Hellesylt kjøpe bingoblokker og delta i Radio Stryn sin bingo.

- Etter førespurnad frå lyttarar i Hellesylt-området vil vi no legge ut bingoblokker for sal også på Hellsylt, seier dagleg leiar for Radio Stryn, Ove Andre Aarskog.

Radiobingoen til Radio Stryn går kvar torsdag og har i følgje Aarskog eit par hundre spelarar som følgjer bingoen kvar veke.

Frå før vert det selt bingoblokker i Stryn, Hjelledalen, Utvik, Innvik, Olden, Loen og Hornindal.

denne lenkja finn du oversikt over frekvensane til Radio Stryn. Du kan også følgje Radio Stryn som nettradio.