Det har vore relativt mildt og tørt i november.

- Veret resten avmånaden, til og med søndag, ser ut til å bli mykje det same. Tørt ogmildt, seier statsmeteorolog Geir-Ottar Fagerlid.

Men for dei som ventar på snøen er det håp: Over helga kjem det veromslag.

- Neste veke ser det ut til at det bir ei omlegging i veret.Vi får vestaver og vekslande ver med både snø og regn, så det serut til at det første snøfallet i låglandet vil kome snart, seier Fagerlid.

Mensnøen vil truleg ikkje bli liggjande lenge.

- Onsdag er den dagen då det erventa mest nedbør. Først på dagen som snø, seinare vert det stigandetemperatur og regn, seier statsmeteorologen frå Olden, som legg til:

- Vekslande ver er typisk ver på Vestlandet førjul!

Statsmeteorolog Geir-Ottar Fagerlid. Foto: Meteorologoisk Institutt