Ikkje før har han klart å fordøye tysdagens fylkestingsvedtak om å byggje lang tunnel for å rassikre Flovegen, så kunne stryneordførar Sven Flo sleppe jubelen laus nok ein gong onsdag kveld. Då vart det klart at eit samrøystes fylkesting har vedteke å fullføre fv 60 mellom Olden og Innvik, med oppstart tidlegast mogleg i 2015.

Vedtaket kom etter framlegg frå partia Sp, H, V og Frp. Dei ville leggje fv 60 Ugla-Skarstein inn i investeringsbudsjettet med 387 millionar kroner. Fylkesrådmann Tore Eriksen var svært skeptisk og kasta seg inn i debatten ved å åtvare mot dette. Han oppmoda om å utsetje saka til neste år. SV og KrF la fram slikt utsetjingsframlegg, men fekk berre sine eigne røyster. Deretter gjekk eit samla fylkesting inn for framlegget som sikrar anleggsstart i 2015. Med den tilføyinga at ein fram mot fylkestinget i april og som del av utarbeiding av prosjektet skal sjå på mogleg innsparing og rimelegare løysing.

- Dette er svært gledeleg. Som for Flovegen tysdag er det seriøs og redeleg arbeid og argumentasjon frå mange som har ført fram til positivt vedtak. Eg vil framheve alle lokale krefter som har stått på for eit rettmessig krav, seier stryneordførar Sven Flo.

Han rosar dei ulike partia på fylkestinget og seier det var ein positiv erfaring å jobbe tett inn mot fleire parti heilt fram til avgjerda.

- Så seint som tysdag var det eit tema å bringe bompengar inn i prosjektet. Det har Stryn vore heilt tydeleg på at var uaktuelt. Det ville vere heilt urimeleg å krevje brukarfinansiering på dei siste fem kilometrane av dette store prosjektet, seier Flo.

No lovar han å følgje prosjektet tett fram til anleggsstart, slik at framdrifta vert best mogleg.

I fylkestinget sitt vedtak er prosjektet finansiert ved hjelp av lån og momskompensasjon. Startløyinga for 2015 er sett til 25 millionar kroner. Deretter 140 mill i 2016, 120 mill i 2017, 70 mill i 2018 og deretter dei resterende 32 mill.