Naudetatane fekk melding om ein bilbrann i eit bustadområde i Stryn søndag kveld i halvsju-tida.

Det tok ikkje lang tid før brannen vart sløkt, og ingen personar kom til skade. Årsaka er førebels ukjent. Saka blir etterforska av politiet i Stryn.