Det blir 20-minuttsavgangar på ferjesambandet E39 Anda-Lote seinast ved starten av neste anbodsperiode 1. januar 2017, fastslær samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen på samferdsledepartementet sine nettsider.

- Fleire avgangar gjer at folk treng tenkje mindre på rutetabellen. Avgangar kvart 20. minutt vil bety ein meir fleksibel kvardag både for folk og næringsliv, og vere eit løft for utviklinga i heile regionen, seier samferdsleministeren.