Helge vann sin 168. maratonsiger

Helge Hafsås vann på nytt. Denne gongen i Ålesund nyttårsmaraton. (Arkivfoto: Bengt Flaten) 

New Articles

Oldaren Helge Hafsås vann laurdag sin 168. maratonsiger då han gjekk til topps i Ålesund nyttårsmaraton. Han fekk tida 2,55,35. Inge Asbjørn Haugen, Hornindal fullførte på tida 3,57,43. For han var dette maraton nummer 487 og det 24. løpet i år.

Totalt deltok litt over 100 i Ålesund nyttårsmaraton som har start og mål ved Moa. 21 sprang full distanse. Det var til dels vanskeleg føre, og enkelte nytta piggar.