Leiaren i Norsk ornitologisk forening i Oslo og Akershus, Håkan Billing, har i media dei siste dagane åtvar folk mot å mate ender og svaner i vinterkulda. Dette har fått dyrevernorganisasjonen NOAH til å reagere:

- Åtvaringa kjem midt i den mest sårbare tida for desse fuglane. Det stemmer som Billing seier at brød ikkje er ideell kost for ender og svaner, men når fuglane først er blitt vande til å bli mata er det viktig å halde fram med å mate dei vinteren igjennom. Åtvaringa kjem difor på eit uheldig tidspunkt, og NOAH fryktar at dei som allereie har byrja å mate fuglar med dette vil slutte med det etter Billing si oppfordring, og dermed etterlate fuglane i ein svært vanskeleg situasjon, seier veterinær og leiar i NOAH, Siri Martinsen. Martinsenunderstrekar at brød er betre enn ingenting, men at ein også kanvariere med meir næringsrik mat:

- Brød er sjølvsagt betre enn ingen ting i ein situasjon der det gjeld å få nok energi og nok kaloriar til å overleve. Men brødet bør då vere så grovt som muleg og oppskjært i små bitar - og absolutt ikkje for tørt eller mugna. Svoltne ender og svaner kan også få kokte gulrøter, poteter og andre grønnsaker, korn eller mais, seier Martinsen.

NOAH oppfordrardei som allereie matar fuglar om å fortsetje med dette fram tilvåren.