Ein person vart skadd i skisenteret på Bøanedsetra i Stryn under arbeid i skiheisen litt før klokka 11 i dag. Politiet opplyser at personen fekk smerter i kroppen og sårskader etter eit fall i heisen. Vedkomande vart sendt til Førde sentralsjukehus med helikopter.

Driftsleiar Rolf Olav Flo opplyser til Fjordingen at den skadde arbeidde på ei plattform for å flytte T-krokar med utstyr på wiren.

- Dette er rutinearbeid vi utfører med jamne mellomrom for ikkje å slite unødig på wiren. Ein boks hadde hekta seg opp i plattforma vedkomande stod på omlag 1,5 meter over bakken då fallet skjedde, seier Flo. Han legg til at personen var medviten og at eit ambulansehelikopter heldigvis var i området då ulukka skjedde.