Oppstryningen Frank Sanchez Guddal er i helga ein av 40 kokkelærlingar i landet som deltek i NM i Stavanger. Guddal representerer laget frå Gloppen Hotell, det einaste laget frå Sogn og Fjordane.

20 kokkelag og åtte servitørlag deltek, i alt 40 kokkelærlingar og 16 servitørlærlingar. Desse representerer lærebedrifter frå heile landet. Det er Kokkkenes Mesterlaug, Rogaland som er arrangør for Norges Kokkemesters Landsforening. NHO Reiseliv er med som samarbeidspartnar.