Erling Myklebust, Stryn sin unge og lovande stoppar frå Innvik, har den siste veka synt fram talentet ved å trene med Sogndal. Den nye trenaren, Eirik Bakke har mønstra ei rekkje unge spelarar den siste veka. Slik var det også i treningskampen mot Florø i går kveld, ein kamp Sogndal vann 1-0 i Sognehallen.

Myklebust spelte ikkje mot Florø då han pådrog seg ein skade under trening torsdag. Derimot spelte eidaren Simen Lefdal (16) på høgrekanten den eine omgangen. Også Fredrik Flo frå eigen stall (sonen til Håvard) fekk prøve seg i kampen.