Johannes Thingnes Bø gjorde eit heiderleg forsøk på å gå seg høgt oppover på resultatlista etter den skuffande sprinten i Anterselva der han vart nummer 31.

Heller ikkje på jaktstarten i dag hadde han nokon god dag på standplass og i løypa. Med i alt tre runder, to av desse på siste stå, måtte han ta til takke med ein 22. plass til slutt. Til NRK uttalte stryningen at han ville spare seg til stafetten søndag dersom det var ein 15. plass det stod om.

Tarjei skaut betre i dag, med berre ei runde som han fekk på siste stå. Dermed gjekk han seg fram frå 46. plass til 25. plass. Ingen av dei to gjekk særleg raskt i løypa. Anterselva høgt over havet,  synest ikkje å vere nokon god arena for strynebrørne no.