Johannes Thingnes Bø gjekk ei fantastisk 3. etappe på det norske laget som vann gull i stafetten i Anterselva i dag. Ole Einar Bjørndalen på første etappe og Tarjei Bø på andre fekk ein vanskeleg start, og Johannes fekk klappet av broren 38 sekund bak leiande Frankrike.

Det synte seg at Johannes ville få ein god dag i løypa. Han måtte til med to ekstraskot på første skyting, men knappa inn på forspranget til franskmannen Destieux og tyske Ard Pfeifer. På andre skyting hadde stryningen oppvisning etter fornuftig å ha lege i ryggen på eit par konkurrantar. På den siste runden gjekk han opp i ryggen og forbi leiande Ard Pfeifer før han veksla med ankermann Emil Hegle Svendsen.

-Johannes tok det med ro på jaktstarten. Han byrjar å bli vaksen i hovudet, sa Halvard Hanevold før han fekk denne kommentaren tilbake frå NRK-kollegaen: "Det har han vore lenge".

Emil Hegle Svendsen skaut 10 blanke treff mot Simon Schempp sine tre ekstraskot. Dermed vann Norge ein suveren stafettsiger og sikra god sjølvtillit i denne øvelsen før VM.

Trass i at Tarjei manglar litt på toppformen, synte stafetten at han er i sterk framgang etter sjukdom. Det lovar godt også for han fram til VM i Kontiolahti.