For to veker sidan fortalde Nils Magne Slinde, avdelingsdirektør i Statens vegvesen Sogn og Fjordane, at dei nye skilta for E39 frå Volda via Grodås, Kjøs bru til Nordfjordeid var bestilte og skule kome på plass. Det var sju månder etter at samferdsleministeren og regjeringa hadde bestemt seg for kvar den framtidige E39 skal gå.

I påvente av utbygging av indre linje med bru over Nordfjord ved Svarstad og tunnel gjennom Utvikfjellet til Byrkjelo, skal E39 mellombels følgje rv 15 frå Kjøs bru til Nordfjordeid. Usemje mellom ordførarane i regionen om korleis skilta skulle sjå ut, særleg ved ferjekaia i Volda , gjennom Stigedalen og ved Hjelle i EId, har gjort at skiltinga har drege ut i tid.

Måndag kom dei første skilta opp i Kjøs. Dermed får trafikantar som har vald E39 retning Bergen ut frå Volda rett informasjon når dei kjem til Kjøs. Mange av skilta manglar framleis, blant anna fleire avstandsskilt. Men i følgje Slinde kjem desse på plass etter kvart.

Berre i Sogn og Fjordane skal det opp 38 nye skilt som følgje av nye vegnummer.