Turløyper Stryn melder at den etterlengta fjell-løypa om Veten-Hogden no er opna. På nordsida av Hogden er løypa lagt langs kanten av fjellsida, med fin utsikt mot Stryn Vinterski.

- Slik løypa ligg no,  har vi målt avstandane slik: Frå løypekryss Tverrfjellet til Hogden 4 km, frå Hogden til Veten 2,8 km, frå Veten til Svingesetøyane 4,4 km, frå Svingestøyane til Ullsheim 2,3 km Dette er ein fin tur med utsikt til alle kantar, fortel Hildegunn og Arvid Hatledal.

Dei anbefalar alle som går i fjelløypene å ta med sekk med ekstra klede og noko å styrke seg på.

- Vermeldingane lovar at det skal bli sol i helga, og vi ser fram til stor utfart. Vis hensyn til kvarandre, ta med søppel, og fjern hundelort frå traseane, oppmodar Hatledal.

Løypene inviterer til gode naturopplevingar. Foto: Torbjørn Hatledal