- Innbrotsraidet i indre Nordfjord held fram. I tillegg til tjuveria i Stryn sentrum og Markane har vi fått melding om innbrot både i Oldedalen og Hornindal. Vi oppmodar folk om å ringe politiet så snart dei oppdagar at tjuverii og innbrot, seier politibetjent Tor Egedahl til Fjordingen.

Det heile starta med at politiet fekk melding om spor som tilsa at tjuvar var på ferde i bustadfelt i Stryn sentrum. Der vart det også meldt om innbrot og tjuveri av lommebok og mobiltelefon frå ein parkert bil. Fredag kveld kom meldinga om det tidlegare på dagen var gjort innbrot i Markane.

- No er eg nettopp komen attende frå Oldedalen. Der hadde tjuvar brote seg inn i eit bustadhus. Både sølvtøy og pengar er stole. VI har vidare motteke melding om tjuveri frå hus og bil i Hornindal, men der veit vi enno ikkje eksakt kva som er stole, fortel Egedahl.

- Politiet ønskjer tips?

- Ja, og vi veit at det er observert ei mørk stasjonsvogn med utanlandske skilt. Også ein raud bil utanlandsk registreringsnummer vert sett i samband med innbrotsraidet som no har pågått over to døgn. Politiet er veldig interessert i tips som kan føre til at vi får stoppa tjuvane. Og som sagt; det er svært viktig at folk melder frå så snart dei oppdagar innbrot og tjuveri, understrekar politibetjent Tor Egedahl.