Etter det Fjordingen kjenner til, har fylkesadministrasjonen bede Statens vegvesen gjere ei ny vurdering av bompengar i samband med fullføring av fylkesveg 60 Olden - Innvik.

- Ingen kommentar, er fylkesrådmann Tore Eriksen sitt svar når Fjordingen spør om innhaldet i eit dokument som medlemmene i fylkesutvalet fekk tildelt på møtet 28. januar.

- Dette er eit internt dokument som ikkje blir kommentert før saka kjem til handsaming. Det skjer først på møtet i samferdslutvalet 25. mars, fylkesutvalet 26. mars og fylkestinget 10. april, opplyser Eriksen.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane sa før jul eit klart nei til bompengefinansiering på den attståande parsellen Ugla - Skarstein. Dei la inn 387 millionar kroner i investeringsbudsjettet, og gjorde det klart at anlegget skal starast opp tidlegast mogeleg i 2015. I vedtaket er der ei formulering som seier at ein før fylkestinget 10. april skal sjå på mogeleg innsparing og rimelegare løysingar.

Frank Willy Djuvik (Frp) fekk mykje av æra for vedtaket som sikra fullføring av fv60 Olden - Innvik. Han var ikkje til stades i fylkesutvalet då det interne dokumentet vart delt ut, men fekk medhald i kravet om innsyn.

- Etter gjeldane regelverk har eg ikkje høve til å kommentere innhaldet i eit dokumentet som er stempla internt. Men på generelt grunnlag kan eg seie at det utifrå fylkestinget sitt vedtak 10. desember 2014 er uaktuelt med utgreiing av bompengar. Eg kan også vise til at Stryn kommune fleire gongar har avvist bompengar på strekninga Olden - Innvik.

- Så lenge du ikkje kan kommentere innhaldet i eit internt dokument, stiller Fjordingen spørsmålet slik: Kva er din reaksjon dersom det viser seg at fylkesrådmannen har bede Statens vegvesen ta ei ny vurdering av bompengar på fv60 Olden - Innvik?

- Utifrå vedtaket som vart fatta på fylkestinget, vil eg sjå det som utidig forsøk på uthaling av ei sak som har versert sidan eg kom med i samferdsleutvalet for ti år sidan, seier Frank Willy Djuvik.

Les meir om saka i papirutgåva