Andreplass til Hafsås i jubileumsløp

Helge Hafsås fekk 2. plass i Fana laurdag. (Arkivfoto:: Harald Vartdal)

New Articles

Helge Hafsås frå Olden måtte ta til takke med andreplassen i den 50. Maratonkarusellen i Fana laurdag. Hafsås fekk tida 2,47,10 på heilmaraton, og vinnar av løpet vart Odd Arne Engesæter frå Bergen Triathlon Club på 2,40,15.

Elles sprang Inge Asbjørn Haugen, Hornindal sin maraton nummer 490 på tida 4,02,00, ein sterk prestasjon der honndølen hadde fleire langt yngre løparar bak seg på resultatlista. 250 fullførte maratonkarusellen i 3-4 varmegrader under elles gode verforhold.