Lensmann Lasse Trosdahl åtvarar mot telefonsvindlarar, etter at politiet har fått fleire tips siste dagane.

- Vi har fått fleire telefonar i løpet av dei to siste dagane frå folk som har fått oppringing frå folk som seier det er noko gale med pc-en (computeren) deira. Dei som ringjer er utlendingar og snakkar dårleg engelsk, og gjev seg ut for å vere frå Microsoft eller liknande selskap, seier Trosdahl.

- Dette er truleg svindelforsøk, mest sannsynleg frå utlandet, og vi oppfordrar folk til å avvise dei. Berre leggje på røret, seier lensmannen.

- Er dette noko politiet vil ha melding om?

- Folk kan gjerne ringe inn, men i utgangspunktet er målet vårt å åtvare, slik at dette kan verke førebyggjande og forhindre at det skjer noko, seier lensmann Lasse Trosdahl, som fortel at det finst tilfelle der folk har gjeve svindlarar tilgang til datamaskina si eller oppgjeve kontonummer.