Ein hjort vart i femtida i dag tidleg påkøyrd av eit vogntog på rv 15 på Hjelle.

Vogntoget fekk ingen materielle skader, medan hjorten forsvann til skogs etter påkøyrsla. Viltnemnda vart varsla om saka, opplyser politiet.