Etter at Forbrukarrådet har gjort opp sine statistikkar over klagene dei fekk i løpet av fjoråret, er det klart at korkje Hordaland eller Sogn og Fjordane toppar lista over dei som tek hyppigast kontakt med Forbrukarrådet. På fylkeslista ligg Sogn og Fjordane heilt nede på ein 17. plass, Hordaland fire plassar over.

- I Sognog Fjordane er forbrukarar frå Leikanger flinkast til å ta kontakt,medan vi høyrer minst frå Hornindal kommune, seier Pia Kleppe Marken, regiondirektør i Forbrukarrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Mirakelpiller trilla til toppsI følgje Forbrukarrådet var det detvesle Drammens-firmaet Uno Life som toppa klagestatistikken for 2014. Dei lova ei smal midje, men slankekuren verka berre pålommebøkene til folk, skriv Forbrukarrådet i ei pressemelding. – At eit firma med relativt få sal topparlista over firma folk kontaktar oss om, er svært oppsiktsvekkjande, seierregiondirektør Marken. For å setje det i perspektiv, samanliknar ho med detfirmaet som har trona på toppen dei siste fem åra:

– Det er Elkjøp,som jo sel formidabelt mange fleire varer på eit år. Vi har fåttrundt 1500 førespurnader om dei, medan vi altså har fått firegonger så mange om vesle Uno Life, forklarer regiondirektøren.

–Det er tidenes største klagestorm til Forbrukarrådet. Trass i atfirmaet er slått konkurs, fastheld eit vedtak i Marknadsrådetmilliongebyr. Dessutan treng ikkje forbrukarane å betale rekningardei har liggjande frå firmaet eller inkassobyrået.

Ligg unna gratiskonkurransar UnoLife rekrutterte kundar via gratiskonkurransar på nettet, ogForbrukarrådet seier dette er eit aukande problemområde. – Dersomsomme faktisk driv med velgjerdshjelp, er dei gjerne kjende fordet. Dei som tilbyr tur til Maldivane og fancy nettbrett, kjem tilå ta seg betalt på ein eller annan måte, så gratisaktivitetar pånett kan vere risikabelt tidsfordriv, åtvarar Pia Kleppe Marken. –Plutseleg får du rekning for eit abonnement du ikkje hadde planarom å teikne. Bilen irriterer mest Forbrukarrådet fekk langt over 10000 spørsmål om bil i 2014, så kategorien bil får behalde dentvilsame vandrepokalen. Det utgjer nesten dobbelt så mangeførespurnader som neste kategori, som er mat og helse. Detteområdet har hatt ein veldig vekst, som i størst grad skuldast UnoLife-saker. Det er også grunnen til at kultur, underhaldning ogsport har vakse, for derunder kjem forbrukarar som spør omabonnementsordningar. Forbrukaranekontakta Forbrukarrådet om over 12 000 firma i 2014. 38 av dessehar fleire enn 100 henvendingar. – Delen dei utgjer, er meir ennhalvert på fem år, fortel Kleppe Marken. – Det er ein drastiskreduksjon. Forbrukarrådet arbeider systematisk for å betrepraksisen til desse selskapa, og tala viser at det nyttar. Dei allerfleste selskapa, heile 95 prosent, har Forbrukarrådet fått ti ellerfærre telefonar eller e-postar om.