Stryn og Eid samarbeidar om den store mjøkeproduksjonssatsinga i dei to kommunane. Denne veka var det oppstartsmøte på Eid og i Oppstryn, seinare følgjer oppstartsmøte fleire stader i Stryn kommune.

Det er stort behov for nyinvesteringar i mjølkenæringa, og det er ikkje nok kapasitet i lausdriftsfjøs i Stryn og Eid til å haldeoppe mjølkeproduksjonen etter 2024, når det nye regelverket vert gjort gjeldande. Dette er mindre enn ni år til, og det er difor kort tid å gjere nyinvesteringane på.

Kommunane har tru på landbruksnæringa og meiner næringa erviktig, noko dei har signalisert med å gå inn i mjølkeprosjektet.

Målet er mellom anna å auke eller oppretthalde relativ andel levert mjølk i beggekommunane, 11,2 prosent av leveransen av kumjølk og 1,2prosent av leveransen av geitemjølk i fylket i Stryn i 2017 og 6,9 prosent av leveransen av kumjølk i fylket frå Eid i 2017. Eitt av måla er også å få igang framtidsdiskusjonar, vegval og engasjement hos produsentane.

I følgje prosjektpresentasjonen er det viktig at mjølkeprodusenten er i fokus om ein skal nå måla. Dette betyr minst muleg byråkrati og slik at mest muleg av ressursane går til rådgjeving til produsentane. Vidare er det planlagt inspirasjonsmøte, stormøte, grendamøte, oppretting av kvote- ogarealbank for Stryn og Eid, oppfølging av kjøp/salg med påminningom fristar, og bistand til kjøp, sal og leige.

Det er også planar om fagturar, fagmøte for landbruksungdom og samarbeid med pilotprosjektet i Gloppen ogJølster og mjølkeprosjektet i Sogn og Fjordane.

Prosjektet er eigd av kommunane Stryn og Eid, og har ei styringsgruppe samansett av representantar for produsentlaga i Eid og Stryn og næringskontora i kommuane, og vert leia av Gry Ingvild Agjeld, rådgjevar i TINE.

Auke eller oppretthalde relativ andel levert mjølk i beggekommunane. Mål om 11,2 prosent av leveransen av kumjølk, og 1,2prosent av leveransen av geitemjølk i fylket i Stryn i 2017. Mål om6,9 prosent av leveransen av kumjølk i fylket frå Eid i 2017. Få igang framtidsdiskusjonar, vegval og engasjement hos produsentane.