Politiet har nyleg åtvara mot telefonsvindlarar som er i sving. Dei ringjer til privatpersonar og gjev seg ut frå å vere frå Microsoft eller liknande verksemder i bransjen, og seier til den dei ringjer til at det er noko feil med vedkommande sin pc. Politiet oppmodar om å berre bryte samtala ved å leggje på.

Jogeir Agjeld i Olden er ein av dei som tidlegare har vore oppringt av slike seljarar. Andre gongen han vart oppringd, kunne han ikkje dy seg for å innleie ei samtale med den ivrige "datatekikaren". Det medførte ei lenger replikkutveksling, og Jogeir avanserte elegant oppover i systemet, til han var på toppen og vart oppringd av "the boss".

Vi skal ikkje røpe for mykje, men ein ting er klart: Dei ringjer neppe igjen....

Detaljert om korleis det gjekk, kan du lese om hos Bedre Gardsdrift.

Agjeld har gjengjeve telefonsamtalane i tidsskriftet Bedre Gardsdrift. Foto: Privat